Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Molde VGS > Nyheter > Dissekering av sauelunger og sauehjarte

Dissekering av sauelunger og sauehjarte

Onsdag 7. mars hadde me i biologi 1-2 dissekering av sauelunge og sauehjarte. I samanhengen med dette hadde me besøk frå ein kirurg som har sin arbeidsplass på Molde sjukehus. Han forklarte undervegs i dissekeringa og svarte på spørsmåla me hadde. Etter å ha arbeid med hjartet, blodkrinsløp og lungene dei to siste vekene, skulle me sjå korleis delane ser ut og fungerer.

Kort om hjartet og lungene:

Eit vanleg menneskehjarte er 300g, omkring ein knyttneve stor og startar å slå hos tre veker gamle foster. Det ligger gøymt bak lungene på venstre side og har ein dobbeltvegg sekk rund seg som avgrensar området rundt hjartet, for at hjartet skal bevege seg med minimum friksjon. Hjartet består av fire hjarterom: «venstre»- og «høgre» - framkammer og «venstre» og «høgre» hjartekammer. I tillegg er det klaffar mellom forkammer og hjartekammer. Desse klaffane heiter seglklaffar, medan mellom  hjartekammer og arterier er det vanlege klaffar.  Klaffane treng me når blod blir pumpa ut frå hjartet for dersom blodet tar feil veg i blodkrinsløpet, blir desse klaffane stengt. Viss ei klaff ikkje fungerer kan det få katastrofale følgjer som hjertesvikt og rytmeforstyrring. Hjartet pumpar ut friskt blod gjennom hovudpulsåra (aorta) og ut til kroppen. Denne prosessen er det store krinsløpet. Det vesle krinsløpet er når hjartet pumpar ut oksygenfattig blod til lungene der blodet får tilført oksygen og oksygenrikt blod blir pumpa inn til blodet frå lungene. Denne reaksjonen gjer at me pustar inn oksygen (O2) og ut karbondioksid (CO2). Lungene består av luftrøyr som går ut til kvar sin bronkie og ender i ei samling lungeblærer (alveoler). Dette gjer at lungene er svampaktig og har stor overflate til utveksling mellom karbondioksid og oksygen.

Fyrst ordna me til bordene og orienterte oss om kva dei ulike delane var.

Deretter skulle me blåse opp lungene. Dette gjorde me med å stikke ein slange inn i luftrøyret og blåste inn luft.

Før oppblåsing

Oppblåste lunger

Oppblåste lunger

Så tok me vatn inn i aorta og såg at klaffen fungerer som han skal, dette såg me med at vatnet ikkje kunne renne gjennom hjartet, ved sia av er eit bilde av aorta sett ovanifrå.

Tverrsnitt av hjartet.

Her kan ein tydeleg sjå at musklane rundt venstre hjarte halvdel er mykje større og tjukkare. Dette er fordi at hjartet treng meir kraft på å pumpe ut blod, enn å ta inn blod i høgre hjartehalvdel

Her kan ein tydeleg sjå at musklane rundt venstre hjarte halvdel er mykje større og tjukkare. Dette er fordi at hjartet treng meir kraft på å pumpe ut blod, enn å ta inn blod i høgre hjartehalvdel

Tverrsnitt av ei lunge. 

Her kan ein sjå at luftrøyret har gått over til å berre vere ein bronkie og ser holroma til utgreiningar til mindre bronkiar

Her kan ein sjå at luftrøyret har gått over til å berre vere ein bronkie og ser holroma til utgreiningar til mindre bronkiar