Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Molde VGS > Nyheter > #ErDuSikker?

Greier me å vinne konsert med Cezinando?

Måndag 6. november var det kick-off for trafikktryggleikskonkurransen #ErDuSikker? ved Molde vgs. Elevane ved skulen skal konkurrere mot skular frå heile landet, og hovudpremien er at Cezinando og Amanda Delara kjem og held konsert på skulen.

Lina Marie Toven Malmedal og Lina Mathilde Leren leidde kick-off-seansen i aulaen, og fortalde om konkurransen og dei flotte premiane. Til slutt vart alle elevane oppmoda om å ta fram mobilane og ta del i konkurransen. Her kan ein få med seg både fine premiar og ikkje minst viktig kunnskap om trafikktryggleik. Gå inn på https://erdusikker.tryggtrafikk.no/ for å delta i konkurransen!

.
Lina og Lina
kick-off
kick-off