Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Molde VGS > Nyheter > Festivalstemning på Molde vgs

Glimt frå innhaldsrike dagar under Bjørnsonfestivalen

September er over oss, og me har nok ein gong vore så heldige å få vere med på ei rekkje arrangement under Bjørnsonfestivalen. Elevar frå Molde vgs. har vore både pressefolk, artistar og publikummarar under festivalen.

Det er luksus for ein skule å ha ein så allsidig festival rett i nabolaget. Me har fått sett Ibsen-drama på teaterscena, høyrt om merkelege og morbide paringsritual frå insektverda, fått reise til mellomalderen då kristendomen kom til Noreg, høyrt om korleis Nemi-"mamma" Lise Myhre har latt seg inspirere av lyrikk, høyrt om korleis Tore Renberg gjekk frå å drøyme om å vere Liverpool-spiss og pornostjerne til å verte forfattar, lært om korleis ein kan lage podkast om kjærleik og sett våre eigne elevar i aksjon som folketalarar på UtePlassen - salige Bjørnson ville vore stolt! Tusen takk til Johild Kosberg Bredin og Bjørnsonfestivalen for eit flott program og nok eit godt samarbeid. Her er nokre glimt frå det me har opplevd desse dagane.

.
B
.
,
T
L
I
L
R
T
m
B