Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Molde VGS > Nyheter > Forfattarbesøk

Ungt blikk på Harald Rosenløw Eeg

Onsdag 29.11 var Harald Rosenløw Eeg på besøk i 1M, 1D, 1E og 2ME1 for å høyre og sjå kva elevane arbeider med i samband med Ungt blikk-prosjektet. Klassane har lese Eeg sine romanar Yatzy og Gyldig fravær, og no arbeider dei med å lage sine eigne kreative produkt inspirert av bøkene.

Ungt blikk er eit prosjekt der elevane skal la seg inspirere av litteratur og lage eigne kreative produkt som til slutt skal visast fram for forfattaren og andre elevar. Arbeida skal ikkje vurderast, og elevane har nokså frie tøyler m.o.t. korleis dei vil tolke bøkene og kva dei vil jobbe med. I dag besøkte Harald dei fire klassane etter tur, og han snakka litt generelt om kreative prosessar før elevane fekk vise fram kva dei har byrja å arbeide med. Her er det mange gode idear, og elevane planlegg m.a. å lage film, bokomslag, musikk, skulpturar, teikneseriar, måleri m.m. Det er med andre ord berre å glede seg til framsyninga den 27. februar!

ungt blikk
ungt blikk
ungt blikk
ungt blikk
ungt blikk
ungt blikk
ungt blikk
ungt blikk
ungt blikk
ungt blikk