Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Molde VGS > Nyheter > Framtida i marknadsføringsfaget

Framtida i marknadsføringsfaget

Veit du kva VR, AR og IoT betyr? I dag fekk me besøk av Eirik Sandøy Aa frå teknologibedrifta Axbit på fagdag i Marknadsføring og leiing. Han engasjerte elevane med innblikk i korleis ein kan drive produktutvikling og digital innovasjon. 

Marknadsføringsfaget handlar om meir enn berre salg og reklame, og «produkt» er eitt av konkurransemidla ein tek føre seg i MAR-faget. Med utgangspunkt i behov og problem skjer det kvar dag innovasjon og produktutvikling i både privat og offentlig sektor, og som marknadsførar er du med på heile kjeda i slike utviklingsprosessar. Det handlar ofte om fysiske produkt og varer, men det kan vel så gjerne handle om å utvikle og forbetre tenester som folk kan ha nytte eller glede av for å kunne fungere i kvardagen. Takk til Axbit for eit godt foredrag!

Tekst: Jan-Erik Kvåle