Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Molde VGS > Nyheter > Gåvedryss!

Adventskos og premieutdeling i aulaen

Onsdag fekk alle elevar ved Molde vgs. gratis kakao og klementinar sidan me kom på 3. plass i #ErDuSikker? I tillegg fekk stipendvinnar Jonathan Risung overrekt ein sjekk på 15 000 kr frå Erik Hartmann i Trygg Trafikk.

38 skular frå heile landet deltok i konkurransen der Molde vgs. kom på 3. plass. I kvart fylke vart det kåra ein stipendvinnar som får 15 000 kr til å ta førarkort, kjøpe sykkel eller reise. Jonathan frå 2E var den heldige vinnaren frå Møre og Romsdal, og han har tenkt til å bruke pengane på å ta førarkort. Romsdals Budstikke tok turen til Molde vgs. denne dagen, og intervjua både stipendvinnaren, Erik Hartmann frå Trygg Trafikk og dei tre eldsjelene Lina Marie Toven Malmedal, Lina Mathilde Leren og Seline Olsen. Skulen er svært nøgd med både gjennomføringa og resultatet av konkurransen, og me vonar elevane våre har vorte endå litt meir medvitne om trafikktryggleik.

BUDSTIKKA
premieerdusikker