Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Molde VGS > Nyheter > Innovative miljøtiltak

Kreativ og engasjerande innovasjonscamp

Torsdag 7. og fredag 8. juni arrangerte Ungt Entreprenørskap innovasjonscamp ved Molde vgs. Elevar på Vg2 fekk i oppdrag å finne ut korleis Molde kommune kan bli meir miljøvenleg, og her mangla det ikkje på gode idear.

Torsdag fekk elevane høyre føredrag frå Molde kommune, RIR Næring og Runde miljøsenter, som tok opp ulike miljøproblem og -utfordringar. Etterpå arbeidde elevane i grupper med oppdraget frå Molde kommune, som gjekk ut på å finne ut korleis kommunen kan bli meir miljøvenleg. Arbeidet heldt fram på fredag, og alle gruppene fekk framføre ideen sin for to jurymeldlemmar, før juryen vart samde om åtte finalist-grupper som presenterte ideen for heile salen. Her var det mykje spanande og kreativt å høyre, og det er ingen tvil om at ungdommen meiner at teknologi er viktig for å få folk til å opptre miljøvenleg. QR-kodar på berenett, pante-appar, solcellelading av elsyklar og søppelsortering ved hjelp av laserteknologi var nokon av ideane som vart presenterte.

Etter å ha høyrt dei ulike bidraga og diskutert grundig seg imellom, landa juryen på denne topplasseringa: 1. Jazz n'Trash (fleirbrukskoppar av aluminium under Moldejazz, med tilhøyrande pantestasjonar) 2. Molde BysykkEL (utleige av el-bysyklar via app, og med ladestasjonar på solenergi) 3. SSS ("Selvsorterende søppelsystem", der søppelkassene er tilknytt eit rørsystem som kjeldesorterer automatisk ved hjelp av m.a. laserteknologi). Premien til 2. og 3. plassen var gåvekort på Hos Gyda, medan 1. plassen fekk billettar til Cezinando og Amanda Delara under Moldejazz 2018.

Framtida er grøn!

.
Runde
IC
RIR
UE
IC
IC
IC
IC
IC
IC
IC
IC
IC
IC
IC
IC
IC
IC
IC
IC