Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Molde VGS > Nyheter > Kom på leksehjelp!

Leksehjelp for realfag er i gang

25. oktober var det oppstart for tilbodet om leksehjelp i realfag for alle elevar ved Molde vgs. I 4. time på onsdagar står ei rekkje trivelege og flinke lærarar parat til å hjelpe deg med realfag, her er det hjelp å få både for deg som vil greie 6-aren, sikre 2-aren, eller noko midt i mellom.

Onsdag 1. november stakk me nasen innom rom H304 i 4. time, og her var elevar og lærarar godt i gang med faglege diskusjonar og oppgåveløysing. Elevane her arbeider med T-, R- og S-matte eller andre realfag. Mathias Misund og Hannah Stavik frå 2B arbeidde med biologi i dag, og dei fortel at dei er glade for tilbodet om leksehjelp. "Det er så mykje betre å kunne spørje om hjelp når ein står fast, enn å skulle prøve og prøve og ikkje få det til på eigenhand", seier dei. På H322 fann me elevar som arbeider med P-matte, og også her kunne elevane fortelje at leksehjelpa er god å ha. "Me tykkjer matte er vanskeleg, og det er veldig fint å få litt ekstra hjelp til å skjøne faget", seier Emma og Marie frå 2ME1.

Me vonar mange vil bruke leksehjelpa framover!

.
leksehjel
leksehjelp
leksehjelP
leksehjelp