Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Molde VGS > Nyheter > Konfliktfylt fagdag

Internasjonale konfliktar

Fredag 6. april arbeidde historieelevane på Vg3 og Vg4 med internasjonale konfliktar.

Eitt av læreplanmåla i historie seier at elevane skal utforske og vurdere to eller fleire internasjonale konfliktar etter 1945, og dette var målet for fagdagen. Dagen byrja i aulaen med eit felles føredrag frå Folk og forsvar, der Koreakrigen og Koreakonflikten var tema. Føredragshaldaren var seinare rundt i dei ulike klassane og svara på spørsmål om andre konfliktar, som t.d. dei i Midtausten, Kongo, Yemen, Colombia, Cuba, Vest-Afrika, Baskarland og Nord-Irland. Etterpå skulle elevane velje seg ein konflikt dei ville sjå nærare på, og i fleire av klassane skulle dette ende i munnlege elevpresentasjonar på slutten av fagdagen.

Folk og forsvar
Folk og forsvar
Folk og forsvar
Folk og forsvar
Folk og forsvar