Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Molde VGS > Nyheter > Leik og moro på aktivitetsdag

Aktivitetsdag for heile skulen

Fredag 24. august arrangerte skulen aktivitetsdag for alle elevar. Dette har vorte ein årleg tradisjon i oppstarten av skuleåret der elevane skal løyse ei rekkje spenstige oppgåver saman, i regi av kroppsøvingsseksjonen.

Vg1- og Vg2-klassane følgde ei løype på ti postar i området kring skulen, Romsdalsmuseet og gamle Molde stadion. Vasskasting, leiing av elevar med bind for augo, akrobatisk yoga, mimeoppgåver og kreative klassebilete var nokre av utfordringane dei fekk. I tillegg skulle kvar klasse ha med seg eit egg gjennom heile dagen. Dette skulle dei passe godt på, slik at det kom seg gjennom dagen utan å bli knust, og det skulle også dekorerast og få eit framkomstmiddel. Her var det mange flotte egg og kreative egg som kom i mål! Konkuransen var jamn, men etter at eggepoenga var utdelte, var det klasse 2F/2KD som gjekk av med sigeren!

Vg3 og Vg4 var på Retiro denne dagen og kosa seg med frisbee, volleyball og andre aktivitetar. Ein flott dag med flotte ungdommar!

aktivitetsdag
aktivitetsdag
aktivitetsdag
aktivitetsdag
aktivitetsdag
aktivitetsdag
aktivitetsdag
aktivitetsdag
aktivitetsdag
aktivitetsdag
aktivitetsdag
aktivitetsdag
aktivitetsdag
aktivitetsdag
aktivitetsdag
aktivitetsdag
aktivitetsdag
aktivitetsdag
aktivitetsdag
aktivitetsdag
aktivitetsdag
aktivitetsdag