Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Molde VGS > Nyheter > Leve elevdemokratiet!

Kurs i elevrådsarbeid

Onsdag 4. oktober hadde elevrådet ved Molde vgs opplæring i elevrådsarbeid med Tove Regine Stranden, elev- og lærlingombod i Møre og Romsdal, og Emil Røys Reite og Ulv Johannes Karlsen Ottem frå Elevorganisasjonen. Målet for kurset var å informere elevrådet om rammene for elevmedverknad på skulen, korleis ein kan arbeide med elevråd og skulemiljø og kva elev- og lærlingombodet og Elevorganisasjonen kan bidra med i dette arbeidet. Elevdemokrati og elevmedverknad er viktig!