Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Molde VGS > Nyheter > Molde vgs innfører heimeundervising frå fredag

Molde vgs innfører heimeundervising frå fredag

Fylkeskommunen har bestemt at alle dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal skal stengjast i 14 dagar frå og med fredag 13. mars. Elevar skal ta med seg alle skulebøker heim i dag torsdag, og ikkje møte på skulen i morgon. Dei neste vekene vil all undervisinga ved Molde vgs gå føre seg via digitale flater. Timeplanen går derfor som normalt. Skuleleiinga vil frå måndag av stort sett vere på heimekontor, og tilgjengeleg på e-post og telefon. 

Det er Itslearning som er hovudplattformen vår for digital undervisning. Dette vil seie at elevane må "møte" til time ved å logge seg på Itslearning når timen startar, og følgje instruksjon frå faglæraren sin. Faglærarane kjem til å gjennomføre alternative vurderingar i denne perioden, og det er viktig at elevane følgjer med og deltek aktivt i opplæringa. Hvis ein elev ikkje kan vere pålogga til ein time på grunn av sjukdom eller liknande, må ein gje beskjed om dette til faglæraren sin.
Me oppmodar alle elevar om å laste ned Itslearning-appen på mobiltelefonen sin, og tillate varslingar slik at dei held seg oppdatert. Me oppmodar føresette til å følge opp skulearbeidet heime og motivere elevane til å halde læringstrykket oppe i denne spesielle situasjonen. Skuleleiinga vil vere til stades dei neste vekene og kan kontaktast som vanleg ved spørsmål.