Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Molde VGS > Nyheter > Moro med matte!

Variert matematikkdag

Tysdag 19. juni var det nok ein gong klart for matematikkdag, og alle elevar på Vg1 og Vg2 fekk bryne seg på mange varierte og artige oppgåver.

Aktivitetane vart flytta innandørs på grunn av skikkeleg vestlandsvêr, så denne dagen var skulen full av all slags rekning, konkurransar og kreative installasjonar. Mennesklege grafar, styrkeøvingar, matematiske klassebilete, mattestafett, mennesklege geometriske figurar, "froskehopp" og mykje meir stod på programmet. Klassane gjekk frå post til post, og dei fekk poeng etter kor godt dei løyste oppgåvene. På slutten av dagen vart poenga summert, og det var 1E som gjekk av med sigeren! Elevane i matematikkrådet har som vanleg vore aktive både i planlegginga og gjennomføringa av dagen, og dei har gjort ein framifrå jobb!

.
hopp
matte
matte
matte
matte
matte
matte
matte
matte
matte
matte
matte
matte
matte