Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Molde VGS > Nyheter > Når sant skal seiast

Finale i talekonkurransen Ta ordet!

Fredag under Bjørnsonfestivalen var det nok ein gong klart for finale i talekonkurransen Ta ordet på Uteplassen. 6 dyktige ungdommar frå Romsdal og Molde vgs. imponerte publikum med engasjerande talar om det overordna temaet "sanning".

Frå Molde vgs. var det Tuva Halse, Martine Hustad og Bardo Maienborn som heldt appell, og dei imponerte med god formidling, viktige tema og godt gjennomarbeidde talar. Juryen hadde ein vanskeleg jobb med å kåre ein vinnar, men det var Martine Hustad som trekte det lengste strået. Ho fekk ein sjekk på 2500 kr frå Sparebank1 Nordvest, og ho skal også vidare til semifinale i Ålesund seinare i haust. Me gratulerer alle dei dyktige talarane med vel gjennomført konkurranse, og  ønskjer Martine lukke til vidare i Ta ordet!

.
Ta ordet
Ta ordet