Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Molde VGS > Nyheter > Ny veke - ny plan!

Kva skjer siste delen av skuleåret?

Helsemyndigheitene har opna for at skulane skal gå attende til tilnærma normal drift, og frå og med 8. juni skal alle elevar ved Molde vgs. vere på skulen kvar dag - med unnatak av Vg1 som har lesedag måndag 8. juni.

Dei planlagde fagdagane går som normalt, og onsdag og torsdag i veke 24 skal me køyre heilt vanleg timeplan! Ja, den timeplanen me hadde før koronaen braut ut - hugsar de den? Dette vil seie at leksedagane vert erstatta av alternative opplegg på skulen. Vg3/Vg4-elevane skal ha offisiell avslutning onsdag 17. juni på kvelden saman med kontaktlærarane sine, så her er det berre å stryke bunadsskjorta! :)

Vg1
Måndag 8.6: Lesedag - førebuing til heildagsprøve
Tysdag 9.6: Heildagsprøve matte
Onsdag 10.6: Ordinær timeplan
Torsdag 11.6: Ordinær timeplan
Fredag 12.6: Digitaldag
Måndag 15.6: Kontaktlærardag og bokinnlevering

Vg2
Måndag 8.6: Fagdagar / opplegg i regi av Politiet, Bjørnsonfestivalen og Teatret vårt / film og diskusjon med tema berekraft
Tysdag 9.6: Fagdagar / opplegg i regi av Bjørnsonfestivalen / film og diskusjon med tema berekraft
Onsdag 10.6: Ordinær timeplan
Torsdag 11.6: Ordinær timeplan
Fredag 12.6: Kontaktlærardag og bokinnlevering

Vg3/Vg4
Måndag 8.6: Fagdagar / aktivitetsdag
Tysdag 9.6: Fagdagar / "Sjef i eget liv"
Onsdag 10.6: Ordinær timeplan - unnatak: 3M
Torsdag 11.6: Ordinær timeplan og bokinnlevering
Fredag 12.6: Kontaktlærardag
Onsdag 17.6: Klassevis avslutning på skulen saman med kontaktlærarar kl. 17.30

Følg med på dei digitale planane i Itslearning, desse vert oppdaterte fortløpande!