Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Molde VGS > Nyheter > Nytt tilbod til hybelbuarar!

Hels på Tone, nyslått kontaktperson for hybelbuarar

Molde vgs. har mange elevar som bur på hybel, og det er nok mange som nyt fridomen og ansvaret som hybellivet fører med seg. Samstundes kan det også dukke opp både store og små spørsmål og utfordringar for ein ungdom som flyttar heimefrå for fyrste gong, og me har difor fått ein eigen kontaktperson for hybelbuarar som kan hjelpe elevane våre med stort og smått. Me tok ein prat med Tone Helen Dahle, som skal ha denne funksjonen framover.

Tone Helen Dahle er sosialpedagog og kontaktperson for hybelbuarar ved Molde vgs.

Sei meg, Tone, kva går eigentleg denne jobben ut på?

- Ja, sei det? Det kjem nok heilt an på kva elevane våre har behov for! Det er fyrste gong me har nokon med ein slik funksjon her på skulen, så me må prøve ut litt ulike ting og sjå kva elevane ønskjer. Eg reknar med at dette vert ein "potet"-funksjon, altså at eg kan brukast til mykje forskjellig.

Kan du gje nokre døme på ting du kan hjelpe elevane med?

- Det viktigaste av alt er kanskje at hybelbuarane har nokon dei kan kontakte om det skulle vere noko. Kanskje treng ein hjelp til å skjøne seg på korleis ei vaskemaskin fungerer, kanskje er ein fortvila på grunn av ein urimeleg huseigar, eller kanskje er det nokon som kjenner seg litt åleine og treng nokon å prate med. Mange opplever det også som krevjande å skulle lage seg gode arbeidsvanar utan at mor og far passar på, og strukturering av skulearbeidet er ein annan ting eg kan hjelpe til med. Det er også mogleg for foreldre å ta kontakt med meg dersom dei har spørsmål eller er urolege, t.d. om dei ikkje får kontakt med ungdommen sin. Då kan eg ta turen innom hybelen og sjå om alt står bra til.

Vil det seie at du kan "rykke ut" til hyblane der elevane bur, også utanfor skuletid?

- Ja, dersom det er akutte situasjonar der elevar treng skyss til legevakt e.l., kan me ordne det. Eg samarbeider med ressursteamet ved skulen, så om ikkje eg har høve til å ta turen sjølv, vil me alltids greie å få nokon til å kikke innom. 

Men du rykker kanskje ikkje ut på fredagskvelden for å demonstrere korleis ein skal setje på ei oppvaskmaskin?

- Hehe! Nei, slike ting tenkjer eg me kan ta i arbeidstida.

Kjem du til å arrangere aktivitetar e.l. som hybelbuarane kan vere med på?

- Ja, igjen kjem det litt an på kva elevane ønskjer, men eg tenkjer det kan vere kjekt å få til nokre treff både i og utanfor skuletida. Kanskje kan me ha eit lite "temamøte" i ny og ne i 4. time på onsdagar, der ein t.d. snakkar om matlaging, husvask, gode søvnvanar, økonomi osb. Og eg har veldig lyst til å få til nokre sosiale samankomstar etter skuletid for dei som ønskjer det. Eg kjem til å samarbeide med dei andre i elevtenestene når det gjeld å klekke ut gode idear til kva me kan finne på. Og sjølvsagt høyre med elevane kva dei vil ha!

Lat oss ta eit tenkt døme: Eg har ein romkamerat som eg irriterer meg grøn over, og me kranglar heile tida om kven det er sin tur til å vaske og kven som kjøpte dopapir sist. Dette gjer at eg mistrivst på hybelen, og eg greier ikkje å konsentrere meg om skulearbeidet. Kva kan du gjere for å hjelpe meg?

- Då ville eg nok snakka litt meir med deg for å undersøkje situasjonen nærare, og kanskje gjeve deg nokre råd om korleis du kan ta opp dette på ein ordentleg måte med romkameraten din. Kanskje bør de lage ein skriftleg avtale om korleis de skal ha det? Eller kanskje problemet er at de misforstår kvarandre? Dersom situasjonen ikkje vert betre, er eg ikkje redd for å kome heim til dykk og mekle over kjøkkenbordet!

Det høyrest jo veldig bra ut! Kanskje du kan mekle mellom lærarar på arbeidsromma òg?

- Nei, dei får greie seg sjølv! Eg er her for elevane.

Meir informasjon om tilbodet finn du her!