Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Molde VGS > Nyheter > Partikkeldetektor på Molde VGS

Partikkeldetektor på Molde VGS

Tåkekammer i fysikk 2.

Tåkekammer av plastesker, oppvasksvamper og modellkitt.

Før påske lagde fysikk2-elevane sine eigne tåkekammer som kan detektere partiklar i bakgrunnsstrålinga. Ein kan i hovudsak observere alfapartiklar frå henfall av radongass, elektron og kanskje eit og anna elektron-positron-par, og om ein er riktig heldig kan ein observere kosmisk stråling som myon. Partiklane kan sette spor i ei tåke av isopropanol, som treng ekstremt kalde temperaturar for å kondensere. Difor måtte tåkekammera stå på ein base av tørris (som vi var så heldige å få fra Vikenco), som held om lag -80 grader C. 

Intens jobbing