Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Molde VGS > Nyheter > Prosjekt i teknologi og forskningslære 1

Robotane kjem!

I Teknologi og forskingslære 1 har elevane dei siste månadane jobba med eit elektronikkprosjekt, der oppgåva var å lage ein bevegeleg konstruksjon som skulle innehalde sensorar og servoar eller motorar.

Elevane i Teknologi og forskingslære 1 har planlagt, designa, modellert, 3D-printa, skrudd, lodda og kopla elektronikk. I tillegg har dei brukt Arduinoar (ein type mikrokontroller) til å programmere og styre konstruksjonane sine. Resultatet er 3 ulike robotkøyretøy som enten måler avstand eller følgjer ei sort linje for å bestemme bevegelsen, ei kran som svingar og har ei elektromagnetisk løftearm, og ei robothand som følgjer handbevegelsane til brukaren.

Prosjektet er høgaktuelt, då elevane har brukt enkle versjonar av programvare og teknikkar som nyttast i ulike typar ingeniørprosjekt i dagens arbeidsliv, i tillegg til at prosjekta deira reflekterer teknologi som allereie er ein viktig del av samfunnet, eller er på full fart inn: kraner til ulike formål (særleg i marin industri), sjåførlause bilar og fjernstyrte kroppsdelar (til fjernoperasjonar, proteser, og liknande).

teknologi for forskninslære
teknologi for forskninslære
teknologi for forskninslære
teknologi for forskninslære
Modeller og sensorier i teknologi og forskningslære