Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Molde VGS > Nyheter > SWOT-teamet på oppdrag!

Skulen sitt SWOT-team* ut på oppdrag!

Nei, det handlar ikkje om noko skummelt - sjølv om møbelbransjen er prega av tøff konkurranse. 25 elevar frå Molde VGS tok turen til Malmefjorden og Møbelringen Harald Viken AS - ei bedrift som rett og slett skal vere best!  

Harald Viken AS er ei velkjend bedrift med lang fartstid i bransjen, eit kompetent og stabilt personale og med norske og internasjonale kvalitetsprodukt i porteføljen. Bedrifta har ein solid posisjon i marknaden, men er også oppteken av å fornye og utvikle seg vidare. 

* må ikkje forvekslast med skumle SWAT-team, slik vi kjenner det frå filmverda….
SWOT-analyse er eit sentralt omgrep i marknadsføringsteorien, og handlar om ei bedrift sine styrker (Strengths), svakheiter (Weaknesses), mulegheiter (Opportunities) og truslar (Threats). Først når ein har oversikt og kontroll på (mellom anna) desse fire områda, kan ein god kommunikasjonsstrategi utformast. 

f
x
g
d