Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Molde VGS > Nyheter > Satsing på læringsmiljø

Oppretting av innsatsteam mot mobbing

Alle vidaregåande skular i Møre og Romsdal Fylkeskommune får i desse dagar etablert innsatsteam mot mobbing. På Molde vgs. er det ressursteamet som skal ha denne funksjonen.

Ein viktig del av dette arbeidet er å jobbe systematisk med læringsmiljøet i alle klassar på skulen, og her skal skulen m.a. ta i bruk kartleggingsverktyet Spekter. Dette er eit verkty som er utarbeidd av læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger, og som har fått svært god omtale av skular som har teke det i bruk. Dei komande vekene kjem Molde vgs. til å prøve ut dette verktyet i nokre Vg1-klassar, og innsatsteamet skal også kursast i dette 2.-3. mai.

Meir informasjon om Spekter finn du her: https://laringsmiljosenteret.uis.no/skole/mobbing/filmer-boker-og-verktoy/spekter-kartleggingsverktoy/

Desse er medlemmar i innsatsteam mot mobbing ved Molde vgs.: Marit Kirilov (rådgjevar), Hilde Myrland (rådgjevar), Wenche Malo Windstad (rådgjevar), Anne Berit Lerheim (PPT) og Marianne G. Anderson (leiar for ressursteam).