Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Molde VGS > Nyheter > Skole på tvers!

Samarbeidsprosjekt mellom Molde vaksenopplæringssenter og Molde vgs.

Tysdag 14.11 var det duka for den tredje samlinga i samfunnsfagsprosjektet "Skole på tvers", som er eit samarbeid mellom Molde vaksenopplæringssenter og Molde vgs. Denne gongen var det "sosialisering og rollekonflikter" som var tema for samlinga, og det var ein livleg gjeng som arbeidde med gruppeoppgåver i festsalen ved Molde vgs.

Samfunnsfaglærarane Aud Johanne Sandøy-Aa (Molde VO) og Ingeborg Vengen (Molde vgs.) hadde fått med seg dramapedagog Siv Tone Myklebust Lothe som skulle hjelpe elevane med å dramatisere rollekonflikter. Elevane fekk i oppgåve å tenkje på rollekonflikter dei sjølv hadde opplevd, og her viste dei fram problemstellingar som "eg er beden i fødselsdagsselskap til kompisen min, men trenaren min forventar at eg skal kome på trening, sidan me skal spele cup i helga" og "eg vil gjerne vere ein lovlydig sjåfør, men kompisane mine vil at eg skal køyre fort, og eg vil jo at dei skal synest at eg er kul". Tidlegare i haust har tema for samlingane vore "politikk og demokrati" og "kultur, individ og samfunn", og før jul skal elevane frå Molde vgs. besøke Molde vaksenopplæringssenter og ha juleavslutning der. Eit spanande prosjekt som både lærarar og elevar ser ut til å trivast godt med!

.
Lærarane
drama
drama
gruppe
gruppe
gruppe
gruppe
gruppe