Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Molde VGS > Nyheter > Skole på tvers

Framsyning av prosjektet "Skole på tvers"

Tysdag 24.04 hadde elevar ved Molde vaksenopplæringssenter og Molde vgs. framsyning av samfunnsfagsprosjektet "Skole på tvers".

Gjennom skuleåret har elevane ved dei to skulane arbeidd med ei rekkje ulike samfunnsfaglege tema, og i dag fekk me sjå og høyre om nokre av desse. Elevane har arbeidd i grupper med ulike emne, og dei har m.a. henta informasjon frå intervju og spørjeundersøkingar blant elevane. På presentasjonen kunne publikum besøke dei ulike gruppene på stand, stille spørsmål og lære om det dei har funne ut. Her fekk me høyre om tema som "Ungdom og arbeid", "Sosiale medier", "Kjønnsroller og likestilling" og mykje meir. Eit vellukka prosjekt med engasjerte elevar og lærarar!

-
skole på tvers
skole på tvers
skole på tvers
skole på tvers
skole på tvers
skole på tvers