Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Molde VGS > Nyheter > Slå til med tysk!

Goethe Institut på besøk ved Molde vgs

Fredag 29. september fekk fire tyskklassar ved Molde vgs besøk av Andrea frå Goethe Institut i Oslo. Ho kom frå Trondheim i går og drog vidare til Ålesund etter å ha vore i Molde.

Vitjing frå Goethe institut
Goethe Institut er eit kulturinstitutt som jobbar for å fremje kunnskap om det tyske språket og internasjonalt kultursamarbeid. Denne hausten reiser Andrea Kronen fra Goethe Institut i Oslo rundt i heile Sør-Noreg med kampanjen «Slå til med tysk», ein kampanje som skal vekkje elevane si interesse for tysk.
Elevar i aktivitet
På fagdagen fredag 29. september sørga ho for ulike aktivitetar i dei fire tyskgruppene på VG1. For nivå 1-gruppene sto Landeskunde (kunnskap om Tyskland) sentralt, mens på nivå 2 jobba elevane mellom anna med det tyske valet som blei halde den 24. september. Elevane fikk òg spennande smakebitar av tysk musikk.
Elevar i aktivitet
Elevar i aktivitet
Vinnarelev
Andrea snakkar svært godt norsk, men all undervisning blei gitt på tysk. Det var utfordrande, men også veldig lærerikt. Ho hadde og med seg flotte premiar til vinnarar av konkurransar i timane. Molde vgs takkar for besøket og ønskjer velkomen tilbake!
Andrea snakkar
Merchandise