Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Molde VGS > Nyheter > Ungt blikk på Marit Eikemo

Forfattarbesøk på Molde vgs.

Måndag 3. desember var det endeleg klart for forfattarbesøk i Ungt blikk-prosjektet. Marit Eikemo og elevane frå dei fem klassane i prosjektet fekk møte kvarandre og diskutere alt frå eksistensielle spørsmål om kva me menneske lengtar etter til planløysinga i ei sokkelleilegheit.

Elevane har lese romanane Alt inkludert og Gratis og uforpliktande verdivurdering, og no er dei i full gang med å utforme sine eigne kreative tolkingar og uttrykk med utgangspunkt i bøkene. Forfattaren fekk høyre kva dei ulike gruppene arbeider med, og det vart også tid til litt diskusjon om bøkene og ikkje minst hovudpersonane. Det er ingen tvil om at bøkene har skapt engasjement hjå elevane. Somme var rett og slett provoserte over kor irriterande og egoistiske hovudpersonane er, andre var mest opptekne av korleis det går vidare med karakterane i bøkene, medan andre igjen hadde eit sterkt ønske om å finne ut om det verkeleg er eit bad i leilegheita til Agnes og Maja i Alt inkludert. Kva er eigentleg ei god mor? Kvifor er mange så opptekne av å ha eit perfekt hus? Kva er verst - å vere utro eller å ikkje fortelje sambuaren sin at han ikkje er den biologiske far til ungane dykkar? Her er det mykje å ta tak i! I februar skal elevarbeida visast fram i ei framsyning på Teatret vårt, sjølvsagt med Marit Eikemo i publikum. Her kan me vente oss musikkinnslag, diktopplesing, måleri, teikningar, skulpturar og modellar, dramatiseringar og kven veit kva anna elevane finn på utover vinteren.

.
Marit Eikemo
Marit Eikemo
Marit Eikemo
Marit Eikemo
Marit Eikemo
Marit Eikemo
Marit Eikemo