Internasjonal veke er i gang!
I veke 43 arrangerer OD-komiteen internasjonal veke ved Molde vgs. Måndag fekk alle elevane ved skulen høyre føredrag om årets prosjekt i aulaen.
Maja Engeli og Selma Karine Høve Ørskog var utsende frå distriktskomiteen i Operasjon Dagsverk, og dei heldt føredrag om kva OD er og kva årets prosjekt handlar om. I år rettar OD søkjelyset mot Nigeria og den massive forureininga frå oljeutvinning i landet. Prosjektet har som mål å opplyse ungdom i Nigeria om rettane deira, utdanne oljevaktarar som kan varsle om utslepp og hindre at forureininga vert spreidd og å skaffe tilgang til fornybar energi og miljøvenlege jobbar. "Vi er alle oljebarn" er tittelen på årets prosjekt, som er eit samarbeid med Naturvernforbundet og Natur og ungdom.
|
|
Oppdatert: 23.10.17