Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Molde VGS > Nyheter > Vinnar av Amdamprisen 2019!

Heider og ære til Asgeir Lervåg

Under Vg3-avslutninga ved Molde vgs. torsdag 20. juni kunne rektor Oddgeir Overå dele ut årets Amdampris til Asgeir Lervåg i 3A. 

Kvart år deler Molde vgs. ut Amdamprisen til ære for lektor dr.philos Per Amdam som var tilsett ved skulen i 38 år. For å vinne denne prisen må eleven ha utført eit framifrå arbeid innanfor dei fagområda der Per Amdam verka: norsk, historie, litteratur og estetiske fag. Asgeir Lervåg fekk årets pris for eit framifrå arbeid i faget politikk og menneskerettar, der han utforska det konfliktfylte Somalia i eit historisk perspektiv. Juryen la vekt på eleven sitt store engasjement og genuine interesse i emnet, så vel som eit særs modent refleksjonsnivå og stor grad av sjølvstende. Me gratulerer så mykje!