Informasjon om kompenserande tiltak etter streiken
Skulen har sett i gang fleire tiltak retta mot elevar som har mista undervising pga. streiken. I lenkja under ser de ei oversikt over kva for faglege tilbod som er i gang pr. i dag, og også nokre planlagde tiltak. Ut over desse er tiltak i fleire fag sett opp framover.
Me vil vurdere fortløpande kva for tiltak som trengst i ulike fag, i samråd med elevar, lærarar og leiarar. Dette er altså eit dokument som kjem til å endre seg utover i skuleåret!
Me oppmodar alle foreldre/føresette om å ta ein prat med ungdommen sin om kva for tiltak ein har tilbod om, og i kva grad ein vil bruke dei ulike tilboda. Merk at ekstra timar/leksehjelp utanfor ordinær undervisingstid ikkje er obligatorisk, og det er viktig at elevane kjenner på kva som er ei rimeleg arbeidsbyrde for å ha ein god kvardag.
Skulen har elles også sett inn andre kompenserande tiltak knytt til rådgjevingstenesta, skulemiljø og psykososial oppfølging.