Nytt programfag på Molde vgs.
Frå og med hausten 2021 kan elevar i Vg2 og Vg3 velje breiddeidrett 1 som programfag ved Molde vgs. Dette er eit praktisk fag for deg som likar å vere i fysisk aktivitet, og som ønskjer å ha idrett som ein større del av skulekvardagen.
I breiddeidrett vil ein arbeide med mange ulike idrettar og aktivitetar, både lagidrett, individuelle idrettar, friluftsliv og mykje meir. Læreplanen i faget opnar for stor valfridom for lærarane, og ein kan tilpasse opplæringa etter kva for ønske og interesser elevane i gruppa har. Det kan til dømes vere ballsport, turn, klatring, styrketrening, topptur, langrenn, padling, fjelltur, yoga, bryting eller dans - for å nemne noko. I faget lærer ein om samanhengen mellom trening og helse, og korleis ein samhandlar med andre på ein respektfull og inkluderande måte.
Breiddeidrett 1 er eit 5-timars valfritt programfag henta frå utdanningsprogrammet Idrettsfag. Dette faget er ikkje ein del av fordjupinga innanfor programområda du vel mellom, men kan veljast som eit tilleggsfag for å skape ein endå meir variert skulekvardag.
Meir informasjon om faget finn du her.