Ver klar over at eit mogleg utfall av klagebehandlinga kan vere at ein går ned i karakter. Tenk difor godt gjennom det om du ønskjer å klage på ein ståkarakter.
Dersom du også etter klagebehandlinga står med karakteren 1 til eksamen, har du rett på ny eksamen til hausten (NUS-eksamen). Skulen vil kontakte deg med informasjon om dette. Dersom du ikkje går opp til første etterfølgande eksamen i faget, må du ta faget som privatist, og standpunktvurderinga i faget fell bort.
Elevar i årets Vg1 og Vg2/3I som får 1 til eksamen og/eller standpunkt vil få tilbod frå skulen om fagleg hjelp i førebuinga til den nye eksamenen i haust, dette får du informasjon om ved skulestart 2025.