Fravær og avmelding

Her finn du reglar for sjukdom, fråvær, utsetting og avmelding av privatisteksamen.

Sjukdom og fråver på eksamen

Dersom du er sjuk eller av andre årsakar, ikkje kan møte på eksamensdagen, ta kontakt med skolen så snart som mogleg. Med andre årsaker meiner vi uforutsette hendingar du ikkje rår over.

Dersom du kan dokumentere årsaka til fråveret, for eksempel legeerklæring, har du rett til å gå opp til ny eksamen ved neste eksamensperiode. Du betaler ikkje ny eksamensavgift.

Fristen for å sende inn dokumentasjon er ei veke etter at du skulle tatt eksamen. Oppmelding skjer automatisk, dersom du har levert dokumentasjon.  

Ønsker du å utsette eksamen?

Dersom du ønsker å vente med å ta eksamen av andre grunnar, må du sjølv melde deg opp og betale eksamensavgift på nytt. 

Avmelding

Dersom du melder deg av innan oppmeldingsfristen, får du tilbakebetalt eksamensavgifta. Melder du deg av etter oppmeldingsfristen, får du ikkje tilbakebetalt eksamensavgifta. 

Du kan ikkje melde deg av eksamen i Privatistportalen sjølv. Send ein e-post til eksamensskolen.