Bor du på hybel?

Kva gjer eg når romkameraten i kollektivet aldri tek oppvasken? Kva er eigentleg skilnaden mellom ullprogram og kokvask? Kvifor har eg aldri pengar att på konto siste veka før ny stipendutbetaling? Kva skal eg gjere med at eg kjenner meg litt einsam her på hybelen?

Mange av elevane våre bur på hybel, og hybellivet fører med seg mange store og små spørsmål og utfordringar som ungdommane våre må takle. Dette går stort sett fint for dei aller fleste, men det kan likevel vere godt å ha ein vaksen å spørje om råd innimellom. På Molde vgs. har me difor ein eigen kontaktperson for hybelbuarar som kan hjelpe med (nesten) alt mellom himmel og jord. Ho heiter Tone Helen Dahle, og er ein fin person å snakke med om alt frå klesvask til kjærleikssorg. Kanskje sit det nokre litt bekymra foreldre der ute òg, som kan ha bruk for å kome i kontakt med nokon om ungommen sin? Tone samarbeider tett med dei andre i elevtenesta, og vil arrangere treffpunkt både i og utanfor skuletida for elevar som bur på hybel. Dette kan vere sosiale møtestader, men også møte knytt til ulike tema som er aktuelle for hybelbuarar. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål!​