Rusarbeid

Rusarbeid

Rusmiddel er:

  • Alkohol
  • Illegale rusmiddel
  • Medikament
  • Dopingmiddel

HOVUDMÅL

Skape eit godt, trygt og inkluderande miljø der alle elevane blir sett og tekne vare på

  • Vi bryr oss om kvarandre
  • Vi snakkar med kvarandre
  • Ingen skal gå aleine med bekymringane sine

1: Førebygging

Arbeidet skal bygge på elevmedverknad

  • Leiinga ved skolen informerer alle elevane om rusplanen
  • Auke bevisstheita og kunnskapen til elevane om skadeleg bruk av rusmiddel
  • Samarbeide med elevrådet om haldningsskapande og rusfrie tiltak
  • Eit godt samarbeid mellom skole og russ i rusførebyggande arbeid
  • Rus knyttast til læreplanmål og den overordna delen av læreplanen

Samarbeid med kommune og føresette 

  • Informasjon til alle føresette om skolen sin rusplan
  • Utvikle samarbeid mellom skole, skolemiljøutvalet og føresette i rusarbeidet
  • Skolane bør samarbeide med kommunane om kartlegging av elevane sin oppvekst gjennom å bruke godkjent kartleggingsverktøy som til dømes Ungdata

2: Tidleg innsats

Plikt til å vere merksam – når ein tilsett på skolen er bekymra, samt meldeplikt. (jfr. Rundskriv U-dir.10-2012)

  • Alle på skolen har plikt til å vere merksam og vere på vakt ved bekymring
  • Skolen sine prosedyrer skal brukast i møte med den enkelte elev. Det skal brukast skjønn for å kunne møte eleven sine individuelle behov
  • Alle har plikt til å melde frå til leiinga når dei er bekymra for ein elev, jfr. Opplæringslova § 15-3: Opplysningsplikt til barnevernstenesta, og § 15-4: Opplysningsplikt til sosialtenesta 

Alle på skolen skal reagere tidleg på: (*) 

  • aukande fråvær eller klart fallande prestasjonar
  • åtferd som kan knyttast til rus 
  • endra åtferdsmønster
  • endra allmenntilstand 

og sette dette i samanheng med mogleg rusbruk hos eleven eller i eleven sine nære relasjonar

Når eleven er bekymra

  • Dersom du er bekymra for deg sjølv eller medelevar, bør du seie frå til ein vaksen på skolen
  • Skolen skal legge til rette for at det skal vere enkelt for elevar å melde frå når dei er bekymra 

Når føresette er bekymra 

  • Føresette bør ta kontakt med skolen om dei er bekymra for ein elev

3: Rutinar som skal følgjast ved bekymring og mistanke om rus

Målet er å gi eleven hjelp og støtte til å komme seg ut av ein vanskeleg situasjon, fullføre skolen og ta utdanning 

  1. Den som har mistanke tek snarast kontakt med skoleleiinga. 
  2. Eleven blir teken ut av skoletimen og bekymringssamtale blir gjennomført med to vaksenpersonar til stades frå skolen (f.eks. kontaktlærar og ein frå leiinga) og føresette. 
  3. Dersom føresette ikkje kan kome umiddelbart, blir dei informerte. 
  4. Eleven og føresette blir informerte om skolen sine rutinar og konsekvensar. Rutinar som skal følgjast ved bekymring og mistanke om rus 
  5. Skolen tek ansvar for å utarbeide ei oppfølgingsplan saman med eleven. Tiltaka skal ha fokus på støtte, tilrettelegging og oppfølging eleven har behov for. Skolen og eleven er ansvarlege for å følge opp tiltaka. Sjå avklaringssamtale og oppfølgingsplan.
  6. Skolen vurderer i samråd med eleven og føresette om andre instansar skal koplast inn. Ved behov utpeikar kommunen ein koordinator og lagar ein plan for vidare oppfølging og tverrfagleg samarbeid rundt eleven og familien.


Føresette blir kontakta om eleven er under 18 år og dersom eleven er over 18 år og samtykker